English
Norsk

Gruppe og konferanse

Moterom Oslo Bondeheimen

 


Konferanse i Oslo? Velkomen til Hotell Bondeheimen

Best Western Hotell Bondeheimen har 8 små og store konferanserom med ein kapasitet på opp til 150 personar. Vår sentrale plassering midt i Oslo sentrum med nærleik til alt av offentleg kommunikasjon gjer oss attraktive for møte eller konferanse i Oslo. Sjå kart over hotellet si lokalisering her.
Hotell Bondeheimen gir din konferanse eit særnorsk preg – midt i Oslo sentrum.
Vi serverer herleg, norsk mat i vår populære kafé og restaurant Kaffistova, enklare servering er også tilgjengeleg i møteromma om de ønskjer det.

Overnatting i samband med konferanse

Vi tilbyr flotte hotellrom i samband med møte eller konferanse i Oslo. Hotell Bondeheimen er ein favoritt blant forretningsreisande, med gjester som gjerne kjem tilbake. Hotellet har 127 velutstyrte hotellrom med nye møbel og flott design.

Konferanse på Hotell Bondeheimen - konferanserom

Bondeheimen hotell har 8 møterom i ulike storleikar. Du kan sjølv velje det oppsettet på rommet som passar ditt arrangement best. Konferanseromma har alt du treng av teknisk utstyr. Vårt største lokale er Teatersalen, som var den første scenen til Det Norske Teatret i Oslo. I Teatersalen er det mykje kulturaktivitet den dag i dag. Det er også muleg å ha mindre møte på våre flotte hotellrom i samband med overnatting. Hotellrom i samband med forretningsreiser kan du lese meir om her.
Under finn du ei detaljert oversikt over konferanse- og møteromma våre. Ta gjerne kontakt med oss for eit tilbod, omvising eller ved spørsmål: bookingoffice(a)bondeheimen.com
Hotell Bondeheimen i Oslo ønskjer deg og din konferanse velkomen!

 

  Tingstova Hulda og Klara Storstova Bestestova Marie Teatersalen Lagsrommet
Styrerom
20 18 12 8 8 - 20
Klasserom 24 16 - 6 - 100 24
U-bord 22 - - - - 60 22
Kino 30 24 - - - 150 30
  bilde bilde bilde bilde bilde bilde bilde

Kaffistova
Rosenkrantz' gate 8
0159 Oslo

Telefon: 23 21 42 10
E-post: leiarkaffistova(a)bondeheimen.com