English
Norsk

Kulturhotellet og historia

 

Bøndernes hus 1903

 

Hotell Bondeheimen er, gjennom morselskapet Bøndenes Hus, eigd av Bondeungdomslaget i Oslo (BUL).

www.bondeheimen.com

BUL er ein frivillig organisasjon, grunnlagt i 1899, som tilbyr aktivitetar som folkedans, musikk, teater og idrett for folk i alle aldrar. Aktivitetane til BUL er tufta på norsk folkekultur, bruk av nynorsk og dialektar og tilbod om eit rusfritt miljø. BUL eig Bøndenes Hus AS 100%.

www.bul.no

Bøndenes Hus AS eig eigedommen Rosenkrantz’ gate 8 og har tre dotterselskap som driv innan bunadsproduksjon, husflid, hotellovernatting og kafé. I tillegg til BUL si verksemd, huser eigedommen to av dotterselskapa.

Dei andre selskapa i konsernet er:

Kaffistova er med sine 110 år ein av byens mest tradisjonsrike kaféar. Kaffistova serverer norsk tradisjonsmat i rause porsjonar fram til kl. 21 kvar dag (kl. 19 laurdag og søndag) og er dessutan frukostrestaurant for hotellet.

www.kaffistova.com

Heimen Husflid

Heimen kan føre historia si tilbake til 1912 og er i dag ei handverks- og handelsbedrift med om lag 30 tilsette. Vi har produksjonsavdeling og butikk midt i Oslo sentrum, berre eitt kvartal frå Karl Johans gate. Kjøper du bunad hos Heimen kan du vere trygg på at du får den beste kvaliteten som er å oppdrive.

www.heimen.net

Den Norske Husfliden kom med i Bøndenes Hus-konsernet i 2007, men har ei historie som går heilt tilbake til 1892. I november 2009 flytta Den Norske Husfliden inn i nye, stilfulle lokale i GlasMagasinet på Stortorvet. Butikken har ein del av dei same varene som Heimen, men er meir profilert mot strikk, vev og hobbyartiklar.

www.dennorskehusfliden.no

Kulturhotellet Bondeheimen


Kaffistova
Rosenkrantz' gate 8
0159 Oslo

Telefon: 23 21 41 00
E-post: leiarkaffistova(a)bondeheimen.com