English
Norsk

Om Kaffistova

restaurant-oslo-kaffistova

 

Visjon:

Vi byr på ekte atmosfære og komfort til stadig fleire gjester.

Forretningside:

Spreie norske mattradisjonar til nye generasjonar gjester.

I Kaffistova har vi servert tradisjonell norsk mat i meir enn 100 år. Då kafeen opna i 1901 var interiøret dekorert med handskorne møblar. Fleire av dei står i dag utstilt på Norsk Folkemuseum på Bygdøy.

I våre dagar er interiøret halde i lyse naturfargar med moderne skandinavisk design. Kafeen har plass til 220 gjester. Vi kan reservere om lag 100 av desse for lukka lunsj- eller middagsselskap.

Japanske, franske og amerikanske gjester er innom kvart år. Grunnen er nok at vår meny representerer eit stadig meir sjeldan høve til å smake tradisjonell norsk mat.

Velkommen til Kaffistova!


Kaffistova
Rosenkrantz' gate 8
0159 Oslo

Telefon: 23 21 42 10
E-post: leiarkaffistova(a)bondeheimen.com